I sommar kan du reise på ein triveleg kulturreise til Valdres sin utrulege stølsvidde. Her kan du oppleve eit forfriskande bad i Rensennvatnet med ei dei finaste sandstrandene i Valdres. Etter badet kan du reise til ein idyllisk støl og oppleve det gode livet som budeie. Du kan mate ein kalv og nyte stølslufta med ei god kaffikopp i solkroken.
Sykkelturen tar i overkant av ein time, ved tidleg bestilling kan du gjere turen ekstra behageleg med ein el- sykkel som kan bestillast frå Intersport Vaset. Sykkelturen startar ved Intersport Vaset og strekker seg 7,8 km inn til Rensenn med ein jamn stigning på 217 m til turens høgaste punkt på 1010 m.o.h.
Ved behov for leige har Intersport Vaset 13 el-syklar til vaksne og 1 Jr. el-sykkel, dei leiger også ut 9 vanlege syklar til vaksne og 3 til ungar. Så her gjeld det å bestille tidleg på
https://rentle.store/fjellkjedenrental/l/vaset/shop.
Fast oppmøte på Intersport Vaset på fredagar klokka 10 og fortløpande avreise når alle er klare. Det er også mogleg å møte opp utan påmelding og bli med på turen. Viss det ikkje er nokon påmelding på nett så er eg tilgjengeleg på oppmøteplassen til 10.30
I år med desse litt spesielle Korona-tidene ynskjer eg å ha med meg ein til tre kohortar for å forhindre smitte.
Praktisk info:
- Oppmøte klokka 10 Intersport Vaset
- Tidsbruk 5-6 timar
- Kjekt å ha med:
- Sekk
- Drikke
- Varme klede
- Handkle og badetøy
- Sitte-/ liggeunderlag
- Pris: frå 16 år- 550 kr under 16 år- 399 kr
Sykkelleige og stølskjøp er ikkje inkludert
- For spørsmål ta kontakt med:
post@visitvaset.no eller 99556789 viss det er hastverk.