Elgsafari

From NOK 250

Tida er komen frå årets elgsafari. Her kan du oppleve desse fantastiske ville dyra i heimen  deira. Me legg opp til ein unik oppleving for menneske men med såpass stor avstand til elgen at han ikkje merker oss, med mindre me er uheldige med vinden.

Det er lurt å pakke med seg varmt tøy og gjerne noko varmt å drikke. Ta med nokk utstyr til å kunne kose deg ute på safarien. Det er også lurt å ta med kikkert for elgen kan vere såpas langt unna at du ikkje ser han- Veldig viktig sidan denne aktiviteten skjer i skumringa.

Aktiviteten varar alt i frå 2-4 timar dette tilpassar me litt etter kva den enkelte turgruppa ynskjer. Me har felles oppmøte ved Intersport vaset, derifrå reiser me innover mot stølen Bjørnhovd, for å køyre inn hit må ein betale 30 kr i mynt. Alternativt er det mogleg å sykle inn til Bjørnhovd. Vidare går turen 1 km frå parkeringsplassen og til utsiktspunktet. Her er det mogleg ved behov å fyre opp eit bål og koke vatn til te og til kaffien.

Aktiviteten er open for bestilling frå måndag 19.06 og utover. Me møtast klokka 21.30 for å vere framme til solnedgangen rundt 22 og blir der til rundt midnatt.

Eventuelle spørsmål kan sendast til sigrid@visitvaset.no eller 99556789 viss det er hastverk.

From NOK 250

Book Now

Route

  1. Intersport Vaset
  2. Bjørnhovd